Sider

fredag 9. november 2012

Ein smakebit frå treffet sist helg.


 Ja då var det allerede gått ei veke siden Stordascrappen hadde
treff i Sagvåg skule!!  55 stk. var påmeldt denne gongen.
Me som arrangerte det vil gjerne få takka alle som deltok
på treffet vårt, og gjorde det til ei fabelaktig helg med
 mykje inspirasjon!!

Ei spesiell takk til Camilla og Bjarne som kom fra Strandebarm
i Hardanger, pakka ned heile butikken, Hjerteboden, og tok
 turen til Stord. Camilla hold 2 fulle kurs på lørdagen, der ein
fekk læra teknikken med å fargelegga med Distress Ink refiller.
Etterpå laga ein eit kort, som Camilla på førehand hadde skore til
og stansa ut alle bitene til kortet. Litt av eit arbeid!!!!


Bjarne og Camilla :-)

Musikkrommet vart omgjort til butikken, Hjerteboden!!





Kurset som Camilla holdt. Full konsentrasjon med pensel og blekk...





Slik skulle det ferdige resultatet sjåast ut.
Dette er Camilla sitt kort



Me vil også takka alle som sponsa oss med flotte premiar!!







Neste treff blir 15. -17. februar 2013
Håpar å sjå dåke att då!!!

Helsing oss i Stordascrappen!