torsdag 9. januar 2014

Nytt treff!

Hei alle saman! 
 
Vårens treff blir helga 21.-23. mars, på Sagvåg skule.

Åpningstidene blir:
Fredag: 17-02
Lørdag: 10.00-02
Søndag: 10.00-17

Treffet kostar kr.400 kr pr pers. Desse må seinast innbetalast til kontonr: 84205840604 innen mandag 3.mars., plassen er ikkje din før den er betalt. Husk å skriv navnet ditt på innbetalinga så me veit kven som har betalt. Bindande påmelding.
Vafler, te og kaffe er sjølvsagt inkl.

Til no har me fått to dyktige damer til å holde kurs for oss, Camilla Bakke i fargelegging med Distress og Arnlaug i mix media LO, men me jobber med eit par til. Så har du ynskje er det bare å gi ein lyd, så skal me sjå kva me klarer få til Wink

Distress med Camilla lørdag kl.11:00-14:00 kr.350,-
Mix media LO med Arnlaug klrdag kl.15:00 kr.300,-
Distress med Camilla søndag kl.11:00-14:00 kr.350,-

Så ein presentasjon av Arnlaug;
Hei!
Eg heiter Arnlaug, er 31 år og fra Stord. Her bur eg sammen med mannen min og to små snupper:-) Eg har holdt på med scrapping sidan 2008 og blir meir og meir hekta. Eg elsker denne hobbyen siden den er perfekt for og bevare minner samtidig som ein skaper kunst! Scrapping får meg til å slappe skikkelig av og "rømme" litt fra den travle kvardagen:-)

Eg lager stort sett LOer, men prøver meg litt på art-journaling og kort innimellom. Sidene mine er veldig varierte og eg har ingen "fast" stil. Eg blir inspirert av utrulig mange ulike scrappere og elsker og prøve ulike teknikker. Men eg må vel sei at dei sidene som er kjekkast å lage er dei i mixed-media stil. Det er så utrulig gøy å berre leke og klæsje uten at noko blir "feil".

Eg er så heldig og få væra med i fleire designteam. Eg er DT hos Skissedilla, The Color Room, CSI
(
http://csicolorstoriesinspiration.ning.com/ ) og Purple Pumpkin ( http://purplepumpkincrafts.blogspot.no/ ) her finner du herlige utfordringer dersom du lager LOer:-)
Bloggen min kan du sjekke ut her:-)
http://arnlaugshobby.blogspot.no/ Så litt om kurset:

Siden det er mixed media som er det som ligger hjertet mitt nærast blir det ein LO i denne stilen. Det som er bra her er at dåke kan bruke mykje eller lite maling, blekk og andre medium, bruke sterke eller rolige farger - ja lage ei side som er DI! Eg ønsker ikkje at alle skal gå ut etter kurset med identiske sider, så eg lager til eit grunn kit og tar i tillegg med litt ulik pynt, masse sprayar og maling:-)
Dersom nåken ønsker å bruke distress ink på sidene er det fint om dåke har med det då eg ikkje har så mange ulike varianter.
 
 

Kurset tar ca 2 timar.

Andre ting som er nyttige å ta med:
- Tørkerull
- Forklè eller maleklær
- Varmepistol (hvis du har)
- palettekniv eller gammelt plast kort.
- flytende lim, limdotter/puter o.l
- underlag
-skjærebrett/saks
- bilde, anbefaler svart kvitt eller klare farger, lurt om bildet/bildene ikkje er så store 10X10 f.eks.

Kurset vil koste 300 kroner.

Gleder meg til å treffe dåke!

Camilla Bakke kjem med ein presentasjon av kurset etter kvart, men sjekk bloggen hennar her
http://cstoen.blogspot.no/ Ho er bl.a i designteamet til Magnolia, Stempelglede, Magnolia down under challenges og Hjerteboden.
Kurset vil gi deg ein god innføring i fargelegging med distress, og blir avslutta med å lage eit kort med motivet dykk har fargelagt. Kurset passer både for nybegynnere og dei som var på kurs med Camilla sist Wink Det varer ca.3 timer.

Kursa har begrensa med plasser, så her er det lurt å melde seg på tidleg Wink



Kreativ scrapping kjem også denne gangen til å stille med butikk på treffet, sjekk ut sidene deira her:
http://www.kreativscrapping.no/ Dei lager goodiebags til alle deltakarane, gled dykk!


Det er mulighet for å overnatte på skulen om det skulle være behov for det, bare ta kontakt for meir info;)

Ellers satsar me på eit flott treff, med bingo, bruktbord, konkurransar og fine premiar.

Og kanskje kjem Pappskallen innom... Wink


Send oss ein mail med påmelding og om du har ynskjer om kven du vil sitja samans med.  




 Mvh Stordascrappen 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar